Voldaspeidarane har startar opp igjen etter sommarferie og slår leir på Årneset i høve friluftslivets veke og inviterer alle born frå 3. klasse og oppover til ein aktivitetsdag. Saman med oss kan du prøve deg på forskjellige speidaraktivitetar og lagar mat på bål. Speiding er gøy, så kjem også til ha ein del felles leikar.

2025 er friluftslivets år og heile Noreg inviterast til ei «Natt i Naturen» og til å sove ute i det fri. Dette er vi speidarar vant til og dei som var med på aktivitetsdagen kan overnatte saman med oss ein av lavvoane våre; eller ta med seg eige telt. Vi vil gjerne at dei yngste har med seg ein føresett på det.

Kan du tenke deg å begynne på speidar? Da kan du melde din interesse i skjemaet nedanfor.

Vi ha plass til nye speidarar i alle eksisterande troppar (4.-10. klasse) og startar opp ein ny tropp med 3. klassingar om vi har nok foreldre som hjelper til på torsdagsmøta – så alle frilufts-/bål-/leikeglade foreldra må gjerne ta ein prat med oss på laurdag.