*** Aktuelt ***
Her legger vi ut kommande arrangement eller glimt frå møta våre.
Følg med!
Her legger vi ut kommande arrangement eller glimt frå møta våre.
Følg med!
Torsdag, 30. oktober lærte speidarane korleis ein kan halde seg god og varm i soveposen – ein nyttig kunnskap no når kulda kjem snikande!
Så fekk vi testa ut dette i praksis med utekino under stjernene – på Årneset, der gradestokken hadde krypt ned til null. Ein kjekk kveld utanom det vanlege, med gode smil og varme både i kropp og sinn!
No gjenstår det å ta med seg kunnskapen ut i haust- og vintermørket – naturen ventar, også når det har blitt litt kaldare!
I Volda møtast speidarane nesten kvar torsdag 18:00 - 19:30. Dei fleste møta er ute – i all slags vêr. Informasjon om møta vert publisert i forskjellige Facebook-grupper.
Har du lyst til å vere med eller å teste speidaren?
Registrer deg i dette skjemaet her og bli med i Facebook-gruppa for troppen, der finner du oppmøtestad for neste møte.
Stifinnartropp for 3. og 4. klasse (for info ring Jon Olav 91317692 eller Thilo 46844098)
Vandrartropp for 5.-10. klasse (for info ring Ivar 90940947 eller Thilo 46844098)
Det er lurt å kome på tre møter for å finne ut om dette passer deg – hos oss er ikkje noko møte heilt likt.
Den årlege medlemskontingenten hos oss er 1 090 kroner (for 2025). Denne inkluderer mellom anna morosame speidarmøter, aktivitetsmerker, speidarskjerf, forsikring, fire medlemsblad og patruljeførarkurs.
Melder du deg inn etter 1. august, får du 50 % rabatt for det aktuelle kalenderåret.
Vi tek 2 – 5 gonger i året på overnattingstur og leir. Då betalar speidaren i tillegg ein andel for turen (omlag kr 50 - 200).
Lurer du på noko, ta kontakt med oss på e-post, Messenger eller telefon.
Følg oss gjerne òg på Facebook.
Ungt leiarskap og gradvis større utfordringar er med på å utvikle speidarar til å bli aktive, ansvarsfulle og engasjerte medmenneske. I KFUK-KFUM-speidarar kan born, unge og vaksne utvikle seg som heile menneska – med ånd, sjel og kropp.
Speidararbeidet er delt opp i fylgjande aldersinndeling med gradvis større ansvar. I Volda har vi speidarar fom. 3. klasse, dvs. vi har stifinnarar, vandrarar og rovarar i gruppa.
(Familiespeiding 0 år til skolestart)
For heile familien, med fokus på leik og læring.
(Oppdagarar 1.-2. trinn)
Leiker og drar på oppdagingsturar i nærmiljøet.
Stifinnarar 3.-4. trinn
Utforskar naturen gjennom leik og læring.
Vandrarar 5.-10. trinn
Utvidar horisonten og utviklar seg gjennom samarbeid og vennskap. På ungdomstrinnet er det auka fokus på leiartrening.
Rovarar fra fullført 10. trinn – tom. 25 år
Tida for utfordrande opplevingar og fellesskap i ein større samanheng: Lokalt, nasjonalt og internasjonalt.
Leiarar Vi tilbyr leiarutvikling for deg som er vaksen. Alle typer leiarar er velkomne: Unge, eldre, erfarne, nye, mammaleiarar, pappaleiarar - og du treng ikkje eingong ha speidarbakgrunn!
Foreldre: For å gje mest mogleg mestring til speidarane er det viktig å nå alle på kvart speidarmøte. Vi set stor pris på om foreldre kan hjelpe dersom de har høve. Ta kontakt med troppleiar.
Alle skal få molegheit til å vere med på speidarturar og leiarar, og økonomien skal ikkje vere til hinder for å delta på aktivitetane våre.
Er du 26 år eller yngre kan du, din føresette eller din leiar søkje støtte til deltaking her.
Kjenner du nokon som ikkje har råd til å kjøpe naudsynt utstyr for å vere med i speidaren?