Historia vår
(Eg har prøvd å samle nokre høgdepunkt frå funn i arkivet vårt og Speiderhistorisk leksikon, men er ikkje ferdig med arbeidet. Har du fleire opplysningar? Send meg gjerne ei melding til thilo.lindner[at]gmail.com.)
1907 – Speidarrørsla startar
Når Robert Baden-Powell tok med 20 guttar på Brownsea Island i England i august 1907 for å på den første speidarleiren markerte dette starten på speidarrørsla.
Gnisten blei raskt til eit bål som spreidte seg over heile Europa og verda og kom i 1909 også til Noreg, då først til Kristiania.
1912 – 1. Volda blir stifta
Speidarideen spreidde seg raskt i landet, og berre 2 1/2 år seinare finner vi dei første speidarane også i Volda.
Den 10. juni 1912 vart 1. Volda speidartropp anmeldt til Bergen krets av Norsk Speidergutt-Forbund, med kjøpmann Elias Rønnestad som troppsførar. Dette markerer starten på ein sterk speidartradisjon i bygda.
Troppen vokste og i årsrapporten frå 1022 kan ein lese at det var 51 speidarar fordelt på 6 patruljer i Volda.
1919 – Krinsleir i Volda
I 1919 var Volda vertskap for den første krinsleiren for 'Møre krets i Norsk Speidergutt-Forbund'. Leiren varte frå laurdag, 2. august til onsdag 6. august. Det vart sett opp ein eigen båt for å frakte dei ca. 50 speidarar frå Ålesund, Stranda, Molde og Kristiansund til Volda. Ifølge annonsen i avisa "sørget kretsen for telt og utstyr, medan deltakarane sjølve måtte ta med 1–2 ullteppe og proviant for tre dagar. Leirkontingenten var 3 kroner."
Nokre glimt frå programmet:
– Besøk til Aasentunet, med foredrag om Ivar Aasen, og forfriskande bad i Hovdevatnet etterpå.
– Foredrag om speidersamarbeidet
– Besøk frå den tyske kolonien i Volda, der 20 gutar og 10 jenter dansa tyske folkedansar
– Ein "utflukt" over fjella til Aldalssætra. Speidarane gjekk heile 30 km og var etter 12-timars marsj tilbake på leirplassen på Egset.
Voldaspeidarane var også med på landsleiren i Trondheim 1920 og på krinsleiren i Åndalsnes 1922, der speidarar frå Kristiansund, Ålesund, Volda, Molde, Åndalsnes, Trondheim og Nederland deltok.
1924 – Jentene i Volda vil også vere speidarar
Etter kvart ville også jentene i Volda bli speidarar. Med oppstarten av troppen Volda 1 (KFUK) i 1924 har vi ei sammanhengande linje fram til dagens gruppe.
Når Sunnmøre krets av Norges KFUK-speidere vart stiftet i 1927 blei Oddrun Kårstad frå Volda valgt som første kretschef.
1928 – Landsleir
Om guttane frå Volda var med på landsleiren i Hamar 1924 er ukjent, men dei dro i 1928 til landsleiren på Åndalsnes. Dette var ein stor begivenheit siden nesten 5 400 speidarar frå heile Noreg, samt 8 utenlandske tropper frå 5 land, hadde samla seg der. Dessverre var dei uheldig med veiret – det regna svært mykje og siste natta tok stormen ein del telt med seg.
Også for jentene vart dette eit aktiv år. Dei var først med på Sunnmøres første krinsleir for KFUK i pinse 1928, og dro om sommaren til landsleiren i Horten. Der var Oddrun Kårstad med i leirkomiteen som presse (landsmål).
1941 - 1945
Under okupasjonen, september 1941 - 8. mai 1945, var speiderarbeidet forbudt.
1948 – 2. Volda NSF
Etter andre verdskrigen vart 2. Volda stifta som tropp under Norsk Speidergutt-Forbund.
1958 – Volda 2 KFUK
På jentesida vart Volda 2 stifta i 1958. Troppen vart del av Norges KFUK-speidere og var aktiv gjennom fleire år med deltaking i krinsarrangement og leirar.
1959 – 3. Volda NSF
Mange fleire ville bli speidarar og ein ny tropp, 3. Volda, vart starta under Norsk Speidergutt-Forbund i 1959.
(Norges KFUM-speidere ble stiftet som speiderforbund i 1945. Fra 1947 ble den et Korps i Norsk Speidergutt-Forbund. I 1978 ble den igjen et eget forbund.)
1966/67 – Meiseflokk og ulvunger
Lederen nr. 4 frå 1966 melder om oppstart av ein ulveflokk i 3. Volda (NSF) som samlar dei yngste guttene i alderen 8 til 11 år før dei vart "ordentleg" speidarar i troppen. Aktivitetane og leik var preget av "Jungelmetoden", basert på Rudyard Kiplings Jungelboken.
I Førerbladet nr. 3 frå 1967 er det nevnt at det finnast ein meiseflokk, Volda 2 Meis, knytt til KFUM-miljøet i bygda. Den var for piker mellom 7 og 10/11 år.
1990 – Volda arrangerer krinsleiren
i Bjørkedalen ...
Samme år vart det også arrangert ein stor landsleir i Mandal for Norges KFUM-speidere, der tropper fra Sunnmøre krins (inkludert 3. Volda) deltok. Norges KFUK-speidarar arrangerte sitt landsleir i Noresund. Dette var faktisk siste gong at gutar og jenter dro på separate leirar.
2003 – Volda KFUK-KFUM-speidarar vert stifta
Den 1. oktober 2003 slo Volda 1 (KFUK) og 3. Volda (KFUM) seg saman til dagens gruppe, Volda KFUK-KFUM-speidarar.
Samme året vart også Norges KFUK-speidere og Norges KFUM-speidere slått saman nasjonalt til Norges KFUK-KFUM-speidere.
2019 – Nasjonal roverfemkamp i Volda
Hundre år etter krinsleiren vart Nasjonal roverfemkamp 2019 arrangert i Volda. Konkurransen samla roverar frå heile landet på Krøvelseidet. Om kvelden sørget Supergluntane, rovarlaget til Volda, Ørsta og Dalsfjord, som arrangør også for eit imponerande sunnmørs kakebuffet.