Bli med på eit speidarmøte!
I Volda møtast speidarane nesten kvar torsdag 18:00 - 19:30. Dei fleste møta er ute – i all slags vêr. Informasjon om møta vert publisert i forskjellige Facebook-grupper.
Har du lyst til å vere med eller å teste speidaren?
Registrer deg i dette skjemaet her og bli med i Facebook-gruppa for troppen, der finner du oppmøtestad for neste møte.
Stifinnartropp for 3. klasse - for info ta kontakt med troppsleiar Kristin 404 97 822 (eller gruppeleiar Thilo)
Stifinnartropp for 4. klasse - for info ta kontakt med troppsleiar Jon Olav 913 17 692 (eller gruppeleiar Thilo)
Vandrartropp for 5.-10. klasse - for info ta kontakt med troppsleiar Thilo 468 44 098
Det er lurt å kome på tre møter for å finne ut om dette passer deg – hos oss er ikkje noko møte heilt likt.
Den årlege medlemskontingenten hos oss er 1 090 kroner (for 2025). Denne inkluderer mellom anna morosame speidarmøter, aktivitetsmerker, speidarskjerf, forsikring, fire medlemsblad og patruljeførarkurs.
Melder du deg inn etter 1. august, får du 50 % rabatt for det aktuelle kalenderåret. Deretter vert kvart år fakturert per e-post i februar. Er det meir enn 3 speidarar i familien, får du familiereduksjon.
Vi tek 2–5 gonger i året på overnattingstur og leir. Då betalar speidaren i tillegg ein andel for turen (omlag kr 50 - 200).
Lurer du på noko, ta kontakt med oss på e-post, Messenger eller telefon.
Følg oss gjerne òg på Facebook.