Leirbålskappe
Ei leirbålskappe er noko speidarane synest er godt og lunt å ha på seg på leir, og når ein sit rundt leirbålet.
På større leirar er det òg kjekt å sjå mange speidarar i like kapper om kvelden, når det byrjar å bli litt kjølig og alle samlast rundt bålet.
Alle merka frå aktivitetar, turar og leirar som speidaren har vore med på, kan samlast på leirbålskappa når dei ikkje lenger høyrer heime på speidarskjorta. Slik beheld du dei gode minna frå turar og aktivitetar.
Voldaspeidarane brukar svart ullstoff med raudt kantband og eit stort forbundslogo til leirbålskappene sine.
Vi jobbar med å lage og legge ut ei oppskrift med bilde. Ta kontakt med gruppeleiar om du treng meir info.
Her finner du ytterlege tips og inspirasjon: Slik holder du orden på leierbålskappa