Medlemsblad
Medlemsbladet til Norges KFUK-KFUM-speidarar heiter Speiderbladet og kjem ut fire gonger i året.
Speiderbladet er for alle speidarar og leiarar. Enten du er oppdagar, stifinnar, vandrar, rover eller leiar, har Speiderbladet noko for deg! Bladet inneheld turtips, reportasjar og mykje anna spanande lesestoff for speidarar i alle aldrar.
Digitale versjonar av Speiderbladet finn du på kmspeider.no.
Du kan få tilsendt bladet som papirversjon eller på e-post. Dette kan du endre sjølv i medlemssystemet Hypersys.
Får du ikkje tilsendt medlemsblad i posten og ønskjer det? Ta kontakt med gruppeleiar, så ordnar han det som trengst.