Speidargruppe. Voldaspeidarane er ei av speidargruppene i Sunnmøre krins av Noregs KFUK-KFUM-speidarar.
Tropp. Speidarane er delt inn i tropper. I Volda har vi stifinnartroppa (3./4. klasse), vandrartroppa (5 - 10. klasse) og rovarlaget.
Patrulje. Vandrartroppa er delt inn i patruljer, som blir leia av ein Peff og ein Ass.
Peff/PF. Patruljeførar, leiaren i patrulja. Oftast niande- eller tiandeklassing.
Ass. Patruljeassistent, nestleiar i patrulja.
Førarpatrulje. Enheten for ungdomsskuleelevane
Rovar er dei eldste speidarane, mellom 16 og 25 år. Dei planlegger og gjennomfører sine eigne aktivitetar, og nokon har i tillegg leiaroppgåver i gruppa, krinsen eller nasjonalt.
Som KFUK-KFUM-speidarar er vi medlemmer av fire av verdens største barne- og ungdomsorganisasjoner: WAGGGS, WOSM, YMCA og YWCA.
KFUK / KFUM. Dette er forkorting for Kristelig Forening for Unge Kvinner/ Menn, og den norske delen av YMCA og YWCA. I Volda eig dei Uppheim.
WOSM er forkorting for World Organization of the Scout Movement. Dette er verdsorganisasjon for speidarguttrørsla. Merke er ei kvit lilje på lilla bakgrunn.
WAGGS står for World Association of Girl Guides and Girl Scouts, verdsorganisasjonen for jentespeidarar. Merke viser eit gult kløverblad på blått bakgrunn.
Robert Baden-Powell (22. februar 1857 – 8. januar 1941) òg kjend som B-P, var generalløyntnant i British Army, forfattar, og grunnleggjaren av speidarrørsla. Seinare fekk han tittelen Lord Baden-Powell of Gilwell.
Alltid budd! Speidarane sitt valgspråk/"leveregel". (på bokmål Alltid beredt!).
Verdier. Våre verdiane vi bygjer speidararprogrammet på er friluftsliv, personleg utvikling, fellesskap, samfunnsengasjement og kristen tro.
Scouts Own er speidarane (sin eigen) speidargudsteneste/-andakt som dei førebur og er med på å gjennomføre sjølve.
Speidarleir er ofte ein veke lang samling der speidarane sover i telt, lager mat og deltar på aktivitetar og leirbål saman med speidarar frå andre grupper og land.
Landsleir. Kvart fjerde år samlast KFUK-KFUM-speidarar til leir, kan vere opptil 4-5000 deltakarar. I 2025 vart det eit felles landsleir med begge forbund i Noreg, NSF og KFUK-KFUM-speidarar, og da vart vi over 10 000 speidarar.
Krinsleir. Også kvart fjerde år, inn i mellom landsleirane. 4-600 deltakarar frå heile Sunnmøre.
Jamboree, World Scout Jamboree (WSJ). Verdensspeidarleir vert arrangert kvart fjerde år for speidarar med mellom 40 og 50 000 deltakarar frå heile verda. Deltakaralder er frå 14 til 18 år. Frå 18 år og oppover kan ein vere leiar eller IST/Maur.
Roverway og Moot er internasjonale leirar for rovarar.
Leirbål. På alle leirar og turar har me leirbål om kvelden. Helst ute, men kan også vere inne. Her har patruljene innslag, og me syng speidarsongar og bevegelsesongar (for å halde varmen!)
Speidarrop. Speidarane klappar ikkje, dei "hyller" kvarandre med rop som til dømes "B-R-A-V-O, BRAVO, BRAVO, BRAVO!!"
Haik. Tur der patruljene klarer seg sjølve. Dei overnattar under ein enkel gapahuk eller presenning, og lagar mat på bål eller stormkjøkken.
Pionering. Å lage byggverk av stokkar og tau. Det kan vere bord, oppvaskbenkar, portalar, bruer, mm.
Raier. Dei stokkane/strongane/staurane me brukar i pionering.
Surringar. Me festar stokkane til kvarandre med vinkelsurring, kryssurring eller åttetalssurring, Som oftast med sisaltau.
Primimat. Primitiv matlaging, mat på bål eller stormkjøkken.
Fettfelle. «Utslagsvask», hol i jorda med rist over til å tøme oppvaskvatn mm. i.
Latrine. En latrine er et primitivt utendørs do/toalett.
Og så finnast det heilt sikkert fleire ord og uttrykk som kunne vere med... ;-)