Speiderskjerf, -skjorte og merke
Speidardrakta består av speidarskjorte og speidarskjerf.
Det er ikkje eit krav at speidarane skal ha skjorte, men mange ønskjer det. Dersom ein brukar speidarskjorte, skal ein òg bruke skjerf.
Speidarskjerf
Speidarskjerfet viser kva aldersgruppe speidaren høyrer til, og bidreg til å skape samhald og identitet.
Stifinnarar: raudt skjerf
Vandrarar: blått skjerf
Vandrarar ungdomskule: mørkegrønt skjerf
Roverar: mørkeraudt skjerf
Leiarar: mørkeblått skjerf
Du treng ikkje kjøpe skjerf – det vert delt ut av speidargruppa når speidaren vert teken opp i speidaren.
Dersom skjerfet vert borte, kan du kjøpe eit nytt på speidersport.no.
Speidarskjorta
Speidarskjorta vårt er grøn og vert brukt på leirar, arrangement som 17.mai og gjerne òg på speidarmøte (men ikkje om vinteren, da er ullgensaren betre). Ho gjer speidarane synlege og er eit viktig symbol på fellesskap og speidaridentitet.
Skjorta vert brukt av alle speidarar – frå dei yngste stifinnarane til dei eldste leiarane.
Speidarskjorta kan kjøpast nytt hjå speidersport.no eller brukt i Facebook-gruppa Kjøp–sal–bytte av speidarutstyr Volda.
Hugs å bestille disse to obligatoriske merka saman med speiderskjorta:
-
Verdsmerket til WAGGS OG WOSM (dei visast som tilbehøyr når du kjøpar skjorte)
-
Krinsmerket Sunnmøre (OBS! kjøp merka til KM-speidarar, ikkje NSF sitt!)
Merke
Merka skal syast på speidarskjorta.
På venstre erma syast dei to obligatoriske merke :
- verdsmerkene til WAGGGS (jenter) eller WOSM (gutar) - gjerne også begge to
- krinsmerket for Sunnmøre
Etter kvart får speidarane også aktivitetsmerker for ferdigheitar dei har vist. Disse syast på høgre erma.
Det finst eigne merke for kvar aldersgruppe: stifinnarar, vandrarar og roverar. Merka på skjorta skal ha same farge som skjerfet! Eit eksempel på eit aktivitetsmerke er førstehjelp.
Leirmerka og andre prosjektmerka plasserast over høgre lomme.
Merka som må takast av frå skjorta (t.d. fordi dei ikkje lenger har samme farge som skjerf) kan syast på ei leirbålskappe.
Draktreglement
Er du usikker på kvar merka skal syast på skjorta?
Her finn du lenkje til draktreglementet for Norges KFUK-KFUM-speidarar.
Draktreglementet viser alt du treng å vite om speidarskjorta, merka og speidarskjerfet.
Er du i tvil om kva dette er, kan du alltid spørje ein leiar, så hjelper vi deg gjerne.