Placeholder text
  • Tidlegare hendingar

    Her skal du etter kvart finne litt av det vi har gjort tidlegare.
  • Aktivitetsdag på Årneset

    Møt oss på aktivitetsdagen på Årneset laurdag 6. september 2025 kl.15-18!

    Voldaspeidarane har starta opp igjen etter sommarferien og slår leir på Årneset i høve friluftslivets veke. Vi inviterer alle born frå 3. klasse og oppover til ein aktivitetsdag der du kan prøve deg på forskjellige speidaraktivitetar

    Det blir også mat på bål. Vi fekk inspirasjon frå "turmat fra hele verden" og lagar Jollof, ein risrett frå Vest Afrika. Oppskrifta finner du her.

    Speiding er gøy, så vi vil også til ha nokre felles leikar.

    2025 er friluftslivets år og heile Noreg er invitert til ei «Natt i Naturen» og til å sove ute i det fri denne dagen. Dette er vi speidarar vant til og dei som var med på aktivitetsdagen kan overnatte saman med oss i ein av lavvoane våre; eller ta med seg eige telt. Vi vil gjerne at dei yngste har med seg ein føresett på det.

    Kan du tenke deg å begynne på speidar? Da kan du melde din interesse i skjemaet under.

    Vi ha plass til nye speidarar i alle eksisterande troppar (4.-10. klasse) og startar opp ein ny tropp med 3. klassingar om vi har nok foreldre som hjelper til på torsdagsmøta – så alle frilufts-/bål-/leikeglade foreldra må gjerne ta ein prat med oss på laurdag.

Design og utvikling: CoreTrek AS