Historia vår
1907 – Speidarrørsla startar
Når Robert Baden-Powell tok med nokre guttar på den første speidarleiren på Brownsea Island i England i august 1907 markerte dette starten på speidarrørsla.
Gnisten blei raskt til eit bål som spreidte seg over heile Europa og verda og kom i 1909 også til Noreg, då først til Kristiania.
1912 – 1. Volda blir stifta
Speidarideen spreidde seg raskt i landet, og berre 2 1/2 år seinare finner vi dei første speidarane også i Volda.
Den 10. juni 1912 vart 1. Volda speidartropp anmeldt til Bergen krets av Norsk Speidergutt-Forbund, med kjøpmann Elias Rønnestad som troppsførar. Dette markerer starten på ein sterk speidartradisjon i bygda.
1919 – Krinsleir i Volda
I 1919 var Volda vertskap for (den første?) krinsleiren for Møre krets i Norsk Speidergutt-Forbund. Leiren varte frå laurdag, 2. til onsdag 6. august, og ca. 50 speidarane kom frå Ålesund, Stranda, Molde og Kristiansund.
Det vart sett opp ein eigen båt for å frakte dei til Volda. Ifølge annonsen i avisa "sørget kretsen for telt og utstyr, medan deltakarane sjølve måtte ta med 1–2 ullteppe og proviant for tre dagar. Leirkontingenten var 3 kroner."
Nokre glimt frå programmet:
– Besøk til Aasentunet, med foredrag om Ivar Aasen, og forfriskande bad i Hovdevatnet etterpå.
– Foredrag om speidersamarbeidet
– Besøk frå den tyske kolonien i Volda, der 20 gutar og 10 jenter dansa tyske folkedansar
– Ein "utflukt" over fjella til Aldalssætra. Speidarane gjekk heile 30 km og var etter 12-timars marsj tilbake på leirplassen på Egset.
1924 – Jentene i Volda vil også vere speidarar
Etter kvart ville også jentene i Volda bli speidarar. Med oppstarten av troppen Volda 1 (KFUK) i 1924 har vi ei sammanhengande linje fram til dagens gruppe.
Når Sunnmøre krets av Norges KFUK-speidere vart stiftet i 1927 blei Oddrun Kårstad frå Volda valgt som første kretschef.
1928 – Landsleir
Om guttane frå Volda var med på landsleiren er ukjent, men dei dro saman med speidarar frå Sunnmøre til landsleiren på Åndalsnes. Dette var ein stor begivenheit siden nesten 6000 speidarar frå heile Noreg og Nordeuropa hadde samla seg. (til samanligning ). Dessverre var dei uheldig med veiret – det regna svært mykje og siste natta tok stormen ein del telt med seg.
Også for jentene vart dette eit aktiv år. Dei var først med på Sunnmøres første krinsleir for KFUK i pinse 1928, og dro om sommaren til landsleiren i Horten. Der var Oddrun Kårstad med i leirkomiteen som presse (landsmål).
1941 - 1945
Under okupasjonen, september 1941 - 8. mai 1945, var speiderarbeidet forbudt.
1948 – 2. Volda
Etter andre verdskrigen vart 2. Volda stifta som tropp under Norsk Speidergutt-Forbund.
1958 – Volda 2 (KFUK)
På jentesida vart Volda 2 (KFUK) stifta i 1958. Troppen vart del av Norges KFUK-speidere og var aktiv gjennom fleire år med deltaking i kretsarrangement og leirar.
1959 – 3. Volda
Mange fleire ville bli speidarar og ein ny tropp, 3. Volda, vart starta under Norsk Speidergutt-Forbund i 1959.
(Norges KFUM-speidere ble stiftet som speiderforbund i 1945. Fra 1947 ble de et Korps i Norsk Speidergutt-Forbund. I 1978 ble igjen eget forbund.).
Meiseflokk og ulvunger
Lederen nr. 4 1966 melder om oppstart av ein ulveflok i 3. Volda.
I Førerbladet nr 3 frå 1967 er det nevnt at det finnast ein en meiseflokk, Volda 2 Meis, knytt til KFUM-miljøet i bygda. Den var for piker mellom 7 og 10/11 år. Når jentene var gamle nok ble de overført til en speidertropp.
2003 – Volda KFUK-KFUM-speidarar vert stifta
Den 1. oktober 2003 slo Volda 1 (KFUK) og 3. Volda (KFUM) seg saman til dagens gruppe, Volda KFUK-KFUM-speidarar.
Samme året vart også Norges KFUK-speidere og Norges KFUM-speidere slått saman nasjonalt til Norges KFUK-KFUM-speidere.
2019 – Nasjonal roverfemkamp i Volda
Hundre år etter krinsleiren vart Nasjonal roverfemkamp 2019 arrangert på Krøvelseidet i Volda. Konkurransen samla roverar frå heile landet. Om kvelden sørget Supergluntane, rovarlaget til Volda, Ørsta og Dalsfjord, som arrangør også for eit imponerande sunnmørs kakebuffet.